Godt frammøte på folkemøte om kommunereforma

Folkemøte 27 april.jpeg

 

 

Det var omlag 300 frammøtte på folkemøte om kommunereforma på Kviknes Hotel onsdag 27 april. Ordførar Harald N.Offerdal gjekk gjennom hovudpunkta i dei tre intensjonsavtalane og rådmann Kjellaug Brekkhus presenterte nokre hovudkonklusjonar frå rapportar utarbeidde av Telemarksforsking. Dei politiske partia i Balestrand målbar sine synspunkt og ordførarane i avtalekommunane orienterte kort om status i sine kommunar. Mange frammøtte synte sitt engasjement ved å stille spørmål til panenet eller komme med sine synspunkt på kva val som er best for Balestrand. Møtet vart stødig leia av Oddvar Flæte.

Møtet vart avslutta med at ordføraren oppmoda alle om å gi politiakarane råd om vegval ved å nytte røysteretten ved den rådgjevande folkerøystinga 23. mai. I Balestrand vert det også høve til å førehandsrøyste på rådhuset frå og med 6.mai.

Tips ein ven Skriv ut