Grendamøte i Fjordane Grendalag

Sundag 18. februar var det duka for årsmøte og grendamøte i Fjordane Grendalag. Ordførar Harald Offerdal og nærings- og samfunnsutviklar Joakim Systaddal var inviterte frå Balestrand kommune for å orientere om samanslåingsprosessen med Leikanger og Sogndal, samt sei litt om nærings- og samfunnsutviklingsarbeidet framover. 

Årsmøtet fann stad i det flotte Vetlefjorden Grendahus, der bygdefolket hadde dekka fint opp med kaffi og kaker. Etter at det ordinære årsmøtet var vel gjennomført, var det tid for orienteringane frå kommunen. Harald Offerdal starta med å gå gjennom platformdokumentet for den nye kommunen, og peika på nokre sentrale element som det er viktig at innbyggjarane i Balestrand kommune er merksame på. Det vart vidare orientert om framdrift, målsetjingar og den praktiske gjennomføringa av prosessen, med utval og nemnder som saman skal utforme innhaldet og strukturen i nye Sogndal kommune. 

Etter at møtelyden hadde fått svar på sine spørsmål, gjekk turen vidare til Joakim Systaddal og nærings- og samfunnsutviklingsarbeidet. Det vert laga nye revisjonar av styringsdokumenta som ligg til grunn for arbeidet, og dei frammøtte fekk presentert desse og kome med sine innspel. Frå no av og fram mot samanslåinga, vil det vere fokus på å få skapt eit best mogeleg grunnlag som innbyggjarar, næringsliv og frivillige lag kan jobbe vidare på seinare. Samstundes er det alt oppretta samarbeid innanfor desse områda, både med naboane i aust, men óg utover mot Høyanger og sørover mot Vik. Orienteringa vart avslutta med ei svært positiv ordveksling, der ein var samde om å halde kontakten i tida som kjem. 

Takk til Fjordane Grendalag som inviterer kommunen på besøk, og for ei triveleg mottaking, kaffi og gode kaker. 

Tips ein ven Skriv ut