Dame peiker på dataskjerm og mann ser på, på kjøkkenet

Høge straumrekningar? Kommunen har gratis energiportal!

Mange har store straumkostnadar for tida. Då kan det løne seg å installere energitiltak, som for eksempel varmepumpe eller etterisolering av tak, for å få ned kostnadane.

Kommunen har ein gratis og objektiv energiportal som raskt gir deg svar på kva energitiltak som passar for bustaden din.

  1. Gå til balestrand.energiportalen.no
  2. Legg inn adressa di og størrelse på bustaden din.
  3. Kryss av for kva for oppvarmingskjelder som vert brukt, kva standard bustaden har og kva oppgraderingar som er gjort.
  4. Legg inn tal personar i hushaldinga og kor ofte/lenge kva person dusjar, og tal bad i veka.
  5. Du får dynamisk oppdatert dagens forbruk i husstanden din.
  6. No kan du simulere ulike energitiltak og sjå kva tiltak du sparar mest energi og kostnadar på pr år.
  7. For kvart tiltaksområde du simulerer, vil du på opp lokale leverandørar som kan installere tiltaket. Be om tilbod frå for eksempel tre av dine næraste leverandørar.
  8. Etter installasjon vil du sjå at straumkostnadane går ned, om du opprettheld same nivå for varme og komfort, som før.
Tips ein ven Skriv ut