Hugsar du å opne di digitale postkasse?

Mange har etter kvart valt å ha ei digital postkasse, Digipost eller e-Boks.
Dersom du mottek posten din i Altinn, og ikkje opnar den i løpet av 40 timar, kjem den i papir i postkassa i gata.

 

Når du har valt ei digital postkasse, Digipost eller e-Boks, får du varsel på epost eller sms når du har fått post. 
Du som har valt digital postkasse, får ikkje posten din på papirpost. Du må opne den i den digitale postkassa. Det er trygt, enkelt og tilgjengeleg under føresetnad av at du opnar postkassa di.

Me ser at det er fleire elektroniske dokument som mottakar ikkje har opna. Me oppmodar deg om å opne den digitale postkassa di. 

Tips ein ven Skriv ut