Balahaugen med Veganeset bak

Hugsestove - tilrettelagt dagtilbod for eldre

Balestrand kommune startar frå hausten 2012 opp med eit nytt tilbod til heimebuande eldre. Dette er eit tilrettelagt tilbod for personar som kan ha glede av og behov for sosialt samvær i ei mindre gruppe.

 

 

INNHALD

Me ynskjer at brukarane av tilbodet skal vera med og avgjera kva dagen skal innehalda. Nokre av dei aktivitetane me kan føreslå er:

 

·         Føremiddagsmat/ein kaffikopp når me treffest

 

 
 
Deretter:

·         Gå tur, eller trim på anna måte

·         Lesa avisa

·         Reisa på biltur

·         Samtale om felles minner og opplevingar

·         Spela spel

·         Song og musikk

·         Laga enkel mat

 

Me får middag frå kjøkkenet på Helsetunet kl. 13:30.

 

KOSTNADER

Kostnad er kr. 70 per dag som dekker transport til og frå heimen, føremiddagsmat og middag. I tillegg kjem kostnader i samband med aktivitetar utanfor dagsenteret.

 

 

 

FOR MEIR INFORMASJON

Dagleg ansvarleg er aktivitør, som kan treffast på telefon 57 69 40 54 eller 57 69 40 50. Tilbodet er organisert under Helsetunet. Søknad om plass kan sendast til Helsetunet ved styrar, Hittunsvegen 6, 6899 Balestrand.

 

Vafler
Rips
Kong Bele ser mot Kviknes hotell
Kong Bele ser mot Kviknes Hotel
Sansehagen ved Helstunet
Sansehagen ved Helstunet
Omsorgsbustadar ved Helsetunet[1]
Omsorgsbustadar ved Helsetunet
Tips ein ven Skriv ut