Incestsenter

Incestsenteret er eit gratis tilbod med teieplikt for deg som har blitt utsett for, eller har spørsmål om, seksuelle overgrep og incest.

Generelt om tjenesten

Tenesteomtale

Du kan ta direkte kontakt med eit incestsenter. Dei tilsette har teieplikt og tilbodet er gratis. Incestsenteret gjev tilbod til vaksne og ungdommar som har vore utsette for incest og seksuelle overgrep som born. Også føresette og eventuelle partnarar kan vende seg til incestsenteret. Incestsenteret driv òg førebyggjande arbeid gjennom undervisning og informasjonsarbeid.

Tilbodet til incestsenteret omfattar m.a.:

  • Einesamtalar
  • Trening i å byggje relasjonar til andre menneske
  • Sjølvhjelpsgrupper der ein arbeider seg gjennom kjensler saman med andre. Brukarane hjelper kvarandre i prosessane - både med å kome ut av fastlåste mønster og å ta ansvar for eige liv 

Målgruppe

  • Personar som har vore utsette for incest og seksuelle overgrep
  • Foreldre og pårørande til born som utsetjast for overgrep

Samarbeidspartnarar

Det blir gjeve statleg og kommunalt tilskott til drift av incestsenteret. Incestsenter er ikkje ein del av den ordinære verksemda i kommunen, men det er kommunen som søkjer om statstilskott og godkjenner budsjettet til incestsenteret.

aaa

Lover og retningslinjer

Denne tenesta er ikkje lovpålagd.

Forskrifter

Statstilskudd til incestsentre

___

Søknaden sendes til

Balestrand kommune
Kong Beles veg 20

6899 Balestrand

 

postmottak@balestrand.kommune.no

___

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:Servicetorget
Telefon:57 65 12 00
Epost:postmottak@balestrand.kommune.no
Postadresse:Kong Beles veg 20 6899 BALESTRAND
Besøksadresse:Kong Beles veg 20 6899 BALESTRAND

Andre opplysningar

Oppdatert:2019-02-05 13:23
Gyldig fra2019-02-04
Gyldig til2019-12-31