Postliste

Sjølve postlistene finn du lenger nede på sida

Alle offentlege organ er ifølge arkivlova med forskrift pålagde å ha arkiv og føra journal om dokumentasjon som blir produsert som ledd i organet si verksemd. Brev og dokument til og frå Balestrand kommune som er ein del av saksbehandling og har verdi som dokumentasjon blir journalført og registrert. Postlista er ei liste over innkomne og utsendte dokument frå og til Balestrand kommune. Postlista blir normalt lagt på heimesida 3 verkedagar etter at dokumentet er registrert.

Offentlegheit og innsyn

Kommunen sine saksdokument er offentlege såframt dei ikkje er underlagt teieplikt eller er unnateke offentlegheit med heimel i lovverket. Du kan be om innsyn i kommunen sine dokument. Innsynsretten og prinsippet om offentlegheit er heimla i offentleglova med forskrift. Innsyn kan bestillast direkte frå postlista på heimesida eller ved kontakte kommunen på postmottak@balestrand.kommune.no

Journalopplysningar knytta til dokument som arkiverast i kommunen sine fagsystem er ikkje tilgjengelege frå postlista på heimesida. Dette gjeld i hovudsak sensitive personopplysningar frå klientarkiv og pasientarkiv innan helse og omsorg og sosialtenesta (nav). Ein kan be om journal frå desse systema ved å kontakte kommunen på postmottak@balestrand.kommune.no.

Journalopplysningar knytt til elevar på barne- og ungdomsskule er ikkje tilgjengelege frå vår postliste på heimesida etter 20.12.2017.
Journalopplysningar knytt til born i barnehagane er ikkje tilgjengelege frå vår postliste på heimesida etter 2.7.2018.

Saker som gjeld barnevern blir behandla hos Sogn barnevern. Saker som gjeld PPT blir behandla hos PPT for Ytre Sogn og Sunnfjord.

Sogndal kommune har arkivansvaret for fellesnemnda for Balestrand, Leikanger og Sogndal fram til kommunesamanslåinga 2020.

Saksframlegg og vedtak i politiske saker finn ein ikkje i postlista, men i eige oversyn for politiske saker.

Behandling av innsynskrav

Førespurnaden vil bli behandla ved første høve og du kan forvente svar innan 1-3 verkedagar. Eit eventuelt avslag vil koma skriftleg og vise til paragraf i lov for grunngjeving av avslag. Du har rett til å klage på avslag om innsyn. Har du ikkje motteke svar innan 5 dagar, skal det reknast som eit avslag du har rett til å klage på. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er klageinstansen til kommunen, men klagen skal sendast til kommunen.


Uke 50


Uke 49


Uke 48


Uke 47


Uke 46


Uke 45


Uke 44


Uke 43


Uke 42


Uke 41


Uke 40


Uke 39


Uke 38


Uke 37


Uke 36


Uke 35


Uke 34


Uke 33


Uke 32