Samarbeid mellom Sogn kulturskule og Balestrand kulturskule i 2018

I samband med at rektor for Balestrand kulturskule har blitt pensjonist, vil Balestrand -  og Sogn kulturskule  samarbeide om drift i ein overgangsperiode. Dette med bakgrunn i at Balestrand, Sogndal og Leikanger vert ein  kommune frå 01.01.2020.
Dagens aktivitet vil bli vidareført så langt det er mogeleg.

I Balestrand startar ein opp med tilbod om gitar-undervisning, vidareføra dans, piano og kunst. Det er planlagt tilbod om barnekunst.

Born og unge i Balestrand kan søkja på tilboda i Sogn kulturskule på like vilkår som born og unge i Luster, Sogndal og Leikanger. Søkjarar frå Balestrand må vera budde på å reisa til Leikanger eller Sogndal for å ta del i tilboda til Sogn kulturskule.

Tilboda til Sogn kulturskule finn ein på www.sognkulturskule.no. Dei fleste tilboda har noko venteliste.
Du finn søknadsskjema ved å gå inn på heimesida til Sogn kulturskule under fana - Tilboda våre

Eller link direkte

https://nosogn.speedadmin.dk/tilmelding#/

 

Kontaktperson ved påmelding er Roar Sandnes,  www.sognkulturskule.no

Kontakt underteikna om du har andre spørsmål knytt til Kulturskulen

Med helsing
Kari Rønnestad
Kommunalsjef for oppvekst og kultur i Balestrand kommune
kari.ronnestad@balestrand.kommune.no
Mobil: 97671166

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut