Logo for Sogn Brann og Redning

Info angåande feiing

Info angåande feiing i kommunane Luster, Sogndal, Leikanger, Balestrand og Vik.

Det har vore ein del reaksjonar på at Sogn brann og redning ikkje kan godta tilkomsten opp til skorsteinen på enkelte hus, som tidlegare har vore ok. Dette er ikkje nokon ny lov eller forskrift, men berre at Sogn brann og redning handhevar dette slik som vi meinar krevst av oss. Vi har utarbeida ein instruks for dette som feiarane skal følgje, og den ligg ute på heimesida vår: www.sognbrann.no.

 

Det er også ein del huseigarar som er misnøgde med å måtte betale for feiing av skorsteinar som er lite eller ikkje i bruk, dette  kan gjerast noko med ved å:

- Plombere skorsteinen på toppen, eller alle omnar må koplast ifrå og hulla støypast att. Deretter skal dette kontrollerast av feiar.

- Eigar kan også søke kommunen skriftleg om å få omgjort bustaden til fritidsbustad (feriehus), og då unngår dei feieplikta/bustadtilsyn.

- Eit anna alternativ er å forandre på feiefrekvensen, og då er det rimelegaste alternativet å få utført feiing kvart fjerde år.

                       

 

 

 

Kåre Egil Skjerven

-leiar førebyggande-

Sogn brann og redning

Tips ein ven Skriv ut