Innbyggjarundersøking i Nesse skulekrins om muleg grensejustering

 

Fylkesmannen har engasjert Telemarksforsking til å utgreie om det skal gjennomførast ei grensejustering mellom kommunane Balestrand og Høyanger. I den samanheng er Telemarksforsking ansvarleg for ei spørjeundersøking på telefon blant innbyggjarane i Nesse skulekrins i perioden frå 11. desember til og med 16. desember. Alle personar over 15 år med telefon registert på bustadadresse i Nesse skulekrins blir ringt opp frå telefonnummer 61400109. Norstat gjennomfører sjølve spørjeundersøkinga, medan Telemarksforsking er ansvarleg for analyse og rapportering.

 

Tips ein ven Skriv ut