Fjord 1 søkjer samarbeidspart

Interessert i å drive kiosk på ferjene Dragsvik-Hella-Vangsnes ?

 

Fjord 1 ønskjer å finne person eller firma som kan drive kiosken på ferjene i Balestrand- sektoren, og har i denne sammenheng sendt nedanståande tekst til Balestrand kommune:

"Fjord 1 er interessert i å komme i kontakt med enkeltperson eller firma som kan drive kiosken om bord i ferjene i ruta Hella-Dragsvik-Vangsnes. Til kioskdrifta høyrer noko reinhald om bord, t.d. vask av salong  og førebuing av middagsmat til mannskapet. Ei eventuell overtaking av drifta vil skje ved såkalla "virksomhetsoverdragelse", som inneber at dei tilsette sine rettigheiter blir overført til den nye arbeidsgjevaren. Nærare opplysningar får ein hos salsleiar Arild Reistadbakk, telefon 71219500."

Den som trur dette kan vere ein forretningside' det kan vere verdt å vurdere, ta kontakt med næringssjef Johannes Sjøtun. (tlf 94134344  eller  epost .johannes.sjotun@balestrand.kommune.no)

 

 

Tips ein ven Skriv ut