Pepparkakelandsbyen 2012

Stemingsfullt arrangement 2. desember

Julegrantenning i Holmen søndag

Før sjølve julegrantenninga var det adventssamling på bedehuset, deretter tenning av julekrybbe i Det Gylne hus og tenning av lys i Pepparkakelandsbyen som mange har bidrege til .Det var song  ved barnekoret "Baluba" og elevar frå Sagatun skule.  

Frode Bøthun sto for tenning av julegrana medan Balestrand musikklag spela.  Anders K Thue var  førsangar under gangen rundt juletreet og sjølvsagt kom også nissen med pakkar til borna.

Til slutt delte Balestrand ungdomslag ut faklar, og det vart fakeltog til Friberg Kino for å sjå "Reisen til julestjernen".

Alt i alt ein fin søndags ettermiddag i Holmen , der mange gjorde sitt for å skape god førjulsstemning

Tips ein ven Skriv ut