5 personar arbeider med kart rundt eit bord

Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområder

Balestrand kommune har starta arbeidet med kartlegging og verdsetting av friluftslivsområder. 

Dette er noko alle kommunar skal gjere innan 2019. Arbeidet vert leda av Endre Hovland og ei arbeidsgruppe med lokale som er godt kjent med friluftslivsområda i kommunen. Arbeidet består i å markere områder på kart og verdsette områda etter ein mal frå Miljødirektoratet. Resultatet vil vere ein statuskartlegging. Dette er ikkje ein plan og har dermed ingen juridiske bindingar. Målet er at kommunen skal kunne nytte kartlegginga i vurdering av plan- og byggesaker.

Frå 14. oktober vil det vere kart tilgjengeleg på kommunehuset slik at ein kan sjå kva område som er kartlagde.

Du har anledning til å kome med dine innspel fram til 1. november. 

 

Tips ein ven Skriv ut