Kommunal plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv - høyring

 

Kommunane Leikanger, Sogndal og Balestrand har vedteke å utarbeide ein felles plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Det har i alle tre kommunane vore handsama politisk sak i møte 13.09.2018 der planprogram vart stadfesta og det vart gjort vedtak om å leggje ut eit utkast til plan på høyring og offentleg ettersyn.

Planen skal vera eit verktøy som heng saman med dei andre overordna planane i kommunane, og legg føringar for korleis fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv skal innarbeidast og sjåast i samanheng med andre planar som fremjar viktige tiltak for betre folkehelse i kommunane. Vedtekne tiltak skal følgjast opp i handlingsdelen og økonomiplanen.

For å presentere planen, opne for drøftingar og innspel vert det invitert til opne møte i alle kommunane

  • 15.oktober kl. 18:00-20:00 i Balestrand - rådhuset

  • 16.oktober kl 18:00-20:00 i Leikanger

  • 17.oktober kl. 18:00-20:00 i Sogndal

 

Ein ynskjer no innspel i høve til

Generell del - som omhandlar kommunen sin politikk på området.

Dette er utrykt gjennom  mål, strategiar, kriterie for prioritering av ulike tiltak. Dette er mellom anna basert på resultatvurdering av tidlegare plan, nosituasjon i kommunane og behovsvurdering. Denne delen skal vise kommunen sin politikk og satsing på dette området i åra som kjem og er viktig for å fastsette omfang av innsats og profil og prioriteringar på det ein vil gjennomføre.

Handlingsdel - som omhandlar konkrete tiltak ein kan gjennomføre

Konkrete tiltak som kan bli gjennomført og vert sett inn i handlingsprogram eller langtidsprogram. Dette kan vere forslag til anlegg og også aktivitetar.

 

Plandokument kan ein sjå her: 

Kommunal plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv, høyringsutkast sept 2018 

 

Frist for innspel/merknad er 04.11.2018

Merknadar sendast til:
postmottak@sogndal.kommune.no eller

Sogndal kommune
Postboks 153
6851 Sogndal

Tips ein ven Skriv ut