Kommunalt næringsfond

Små bedrifter og entreprenørar kan søkje kommunen om bedriftsstønad.

Generelt om tjenesten

Tenesteomtale

Små og mellomstore føretak kan søkje om føretaksstønad frå det kommunale næringsfondet. Frivillige organisasjonar kan søkje om stønad til prosjekt som er knytte til stadutvikling. Føretaksstønaden kan gå til føremål som mellom anna

  • etablerarstipend
  • produktutvikling
  • marknadsføring
  • investering i utstyr og maskinar

Stønaden er eit distrikts- og regionalpolitisk verkemiddel. Tilskotet blir utbetalt på etterskot. Heile tilskotet kan ikkje bli utbetalt før prosjektet er avslutta og revisorattestert rekneskap er sendt inn.

Målgruppe

Frivillige organisasjonar (stadutvikling) og små og mellomstore føretak (føretaksstønad)

Små føretak har mindre enn 50 tilsette og anten

  • ein årleg omsetnad på mindre enn 10 mill. euro eller
  • ein balanse på mindre enn 10 mill. euro

Mellomstore føretak har mindre enn 250 tilsette og anten

  • ein omsetnad på mindre enn 50 mill. euro eller
  • ein balanse på mindre enn 43 mill. euro

Kriterium/vilkår

Eit føretak kan få inntil 200 000 euro over ein treårsperiode (bagatellmessig stønad). Midla skal normalt ikkje nyttast til å styrkje eigenkapitalen i føretaket. Føretak i kommunar utanfor det distriktspolitiske verkeområdet (sjå lenkje i feltet Regelverk) kan ikkje søkje om midel til å investere i utstyr og maskinar.

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

Samarbeidspartnarar

Fylkeskommunen og Innovasjon Noreg kan vere rådgjevarar for kommunen.

aaa

Lover og retningslinjer

Sjå dei årlege retningslinene på Kommunaldepartementet sine nettsider under /Virkeområde og retningslinjer/Retningslinjer for bruk av midler

Lover

Forvaltningsloven

Forskrifter

Forskrift om distriktsrettet investeringsstøtte mv.

Forskrifter

Kommunaldepartementets retningslinjer for å øke verdiskaping

___

Rettleiing - korleis få utført

Føretaket eller organisasjonen sender ein skriftleg søknad. Han skal innehalde:

  • Presise og realistiske mål som kan etterprøvast
  • Prosjektplan med milepælar og aktivitets- og resultatmål
  • Kostnadsoverslag og finansieringsplan

Søknaden sendes til

Balestrand kommune
Kong Beles veg 20

6899 Balestrand

 

postmottak@balestrand.kommune.no

Saksbehandling

Når ein søknad er innvilga, skal eit tilskotsbrev stadfeste det. Brevet skal mellom anna innehalde

  • føremål og kva midla skal nyttast til
  • kostnadsoverslaget som er lagt til grunn for tilsegna
  • eventuelle vilkår knytta til bruken av midlane

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein meiner ein kan gjere vedtaket.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt avgjerda stå, blir saka sendt vidare til kommunen si eiga klagenemnd, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

___

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:Servicetorget
Telefon:57 65 12 00
Epost:postmottak@balestrand.kommune.no
Postadresse:Kong Beles veg 20 6899 BALESTRAND
Besøksadresse:Kong Beles veg 20 6899 BALESTRAND

Andre opplysningar

Oppdatert:2019-02-05 15:05
Gyldig fra2019-02-05
Gyldig til2019-12-31