Kommunereforma - rådgjevande folkerøysting

I Balestrand vert det rådgjevande folkerøysting om kommunereforma mandag 23. mai. Røystelokala har følgjande opningstider:

Nesse oppvekstsenter:        13.00 -  19.00

Bygdahuset:                        13.00 -  20.00

Fjordtun oppvekstsenter      13.00 - 19.00

 

Det skal røystast over følgjande spørsmål:

1. Ja eller nei til kommunesamanslåing

2. Dersom det vert kommunesamanslåing, kva alternativ ynskjer du?

Det er utrarbeidd røysteseddel med avkryssing for ynskt alternativ.

Alle som er fødde i år 2000 eller tidlegare og som står i manntalet pr 1.3.2016 kan røyste. Manntalet blir lagt ut til offentleg ettersyn på tenestetorget, biblioteket, Nesse oppvekstsenter og Fjordtun oppvekstsenter fram til 23.mai 2016.

 

 

Tips ein ven Skriv ut