Kommunevåpen

Kommunevåpenet til Balestrand kommune har eit oppveksande nedvendt sølvsverd mot ein blå bakgrunn.

Kommunevåpen.jpg

Motivet til kommunevåpenet er henta frå statuen av kong Bele som står ved Balahaugen og som etter sagnet er gravlagd i kommunen. Kommunevåpenet blei godkjendt i Kgl.Res. av 23. oktober 1989.

Namnet Balestrand er brukt frå 1849 om prestegjelet og om kommunen som blei oppretta dette året, av gardsnamnet Bale, norrønt "bali" som tyder jamn bakke ved stranda.

Etter sagnet stammar namnet frå kong Bele (Bale) som skulle vere gravlagd her.

(Kjelde: Store Norske Leksikon - https://snl.no/Balestrand)

Tips ein ven Skriv ut