Kunngjering - vedtak av detaljreguleringsplan for Veganeset utleigehytter

Kommunestyret har i møte 26.09.2019 sak 49/19  vedteke «Reguleringsplan for Veganeset utleigehytter» med heimel i Plan og bygningslova § 12-12. Planområdet er på austsida av Veganeset  i Balestrand kommune. Planen omfattar arealføremåla: Fritids og turistføremål, småbåtanlegg i sjø, kjørveg, annan veggrunn, grøntstruktur, ferdsel  og friluftsområde i sjø. Planen kan ein sjå på Balestrand kommune sine heimesider.
 
Reguleringsplanar gjev grunnlag for gjennomføring ved innløysing og ekspropriasjon etter Plan og bygningsloven kap. 15 og 16. Vedtaket kan påklagast etter Plan og bygningsloven §1-9, jf. Forvaltningsloven §27. Klage må vere skriftleg og vere framsett innan 3 veker etter denne kunngjeringa.

 

Det vert vist til vedlagde dokument

 

Saksprotokoll frå sak 49/19 i kommunestyremøte 26.09.19

Saksframlegg til sak 49/19 i kommunestyret 26.09.19

Notat med endrigar, Nordconsult AS 10.05.19

 

Plandokument vert oppretta etter formell klagefrist har løpt ut.

Plandokument som vart lagt ut på høyring, og som kommunestyrevedtaket tek utgangspunkt i, kan du sjå her:

1. Planomtale

2. Plankart

3. Føresegner

4. Illustrasjonsplan

5. ROS-analyse

6. VA-plan

 

 

Tips ein ven Skriv ut