Kunstbygda Balestrand

Kunst har ein sentral plass i Balestrand sin historie og samtid.

 138 

Balestrand vart på mange måtar skapt av kunstnarane som kom hit kring århundreskiftet og lot seg inspirere av staden og menneska. Nokre etablerte seg i sveitserhus, og bygga og manga av bileta frå denne tida er ein viktig del av Balestrand sin identitet i dag.

Kunsten lever vidare. Nokre er kunstnarar på heiltid, mange litt på si, medan andre kjem innom for å la seg inspirere no som tidlegare. Vil du oppleve kunst har kunstlaget fleire utstillingar gjennom året, hotella har til dels store samlingar, i Sognefjord Akvarium finn du galleri Munken med spesielle trebilete og på kaia Det Gyldne huset.

I Bøyum pensjonat vert det jobba med  spennande planar. Solveig Haukås stiller ut og sel eigne emaljebilete og Magni Jensen og Geir Hjetland har utstillingar og sal av keramikk, skulpturar og installasjonar.

Tips ein ven Skriv ut