2018-08-29 18

Over 30 balestrendingar på kurs siste veka i august

Mange Balestrand-bedrifter på kurs

Måndag 27., onsdag 29. og torsdag 30. august vart det arrangert fleire nyttige kurs i Sogndal. Mange Balestrand-aktørar nytta høvet til litt fagleg påfyll, og fekk nye kontaktar og litt sosialt samvær på kjøpet. 

Først ut var Sparebanken Sogn og Fjordane, som måndag ettermiddag arrangerte kurs i god søknadsskriving. Eit veldig bra kurs, der fleire frå Balestrand deltok. Dette kurset kan vere aktuelt å legge til Balestrand i ny runde, så om du er interessert i eit slikt kurs kan du ta kontakt med Joakim Systaddal og melde di interesse. 

Onsdag og torsdag var fylkeskommunen si gründersatsing Driftig arrangør, saman med næringsutviklarane i kommunane. Først ut var kurs i bruk av sosiale medie for bedrifter, og her var Balestrand godt representert. Keyteq var kurshaldar, og leverte fire fullpakka timar med tips og triks til å få godt utbytte av dei nye digitale kanalane. Deltakarane frå Balestrand vil samlast for kortare felles arbeidsøkter utover hausten og vinteren, og her er alle som vil velkommen til å delta - sjøl utan å ha vore på kurs. Det er mykje god hjelp og læring i å dele med kvarandre. 

Torsdag vart kursveka avslutta med kurs i nettbutikk, også her med fleire balestrendingar på plass. Også her var Keyteq kurshaldar, og gav ei grundig innføring i kva ein må tenke på dersom ein skal selje produkt og tenester på nett. 

Onsdag 5. september er det nytt kurs i Sogndal, denne gangen i korleis å lage ein god forretningmodell. Sjå meir info og påmelding her: https://www.fussogn.no/arrangement/slik-lagar-du-ein-forretningsmodell

Har du innspel til kurs som du kunne tenkt deg? Ta kontakt med nærings- og samfunnsutviklar Joakim Systaddal på joakim.systaddal@balestrand.kommune.no eller telefon 45873833.

Tips ein ven Skriv ut