Melding om oppstart av planarbeid - Reguleringsplan for Hittun

I samsvar med §§ 12-3 og 12-8 i plan- og bygningslova vert det varsla om oppstart av arbeid med Detaljreguleringsplan for Hittun. Planområdet ligg innafor område definert som sentrumsområde i Balestrand, og ligg mellom Kong Beles veg og Lærargata. Planområdet er på tilnærma 65 da.

Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for nye bustader, tilkomstvegar, gangvegar og friområde innanfor ubygd del av planområdet, samt tilpassingar til eksisterande offentlege føremål. Planarbeidet er i samsvar med arealdelen i kommuneplanen og er vurdert til ikkje å medføre krav om konsekvensutgreiing eller planprogram. Meir utfyllande opplysningar finn ein i vedlagt brev til planstyremakter m.v om oppstart av planarbeidet.

 

 

Planforslag vert utrabeida av Norconsult AS og Arkitektkontoret 4B. Innspel til varsel om oppstart av planarbeidet kan sendast til Norconsult AS, Trolladalen 30, 6856 Sogndal, eller på epost til cornelis.erstad@norconsult.com  innan 20.august 2019.

 

 

Vedlegg:  Brev med melding om oppstart

Tips ein ven Skriv ut