Midlar frå næringsfondet

Balestrand kommune får skjønsmidlar til næringsfond som er løyvde over statsbudsjettet og vidareformidla av Sogn og Fjordane fylkeskommune.

I vedtektene for fondet heiter det mellom anna:
«Fondet kan nyttast til tiltak med føremål å fremje nærings- og samfunnsutvikling gjennom tilrettelegging, støtte til nyetableringar og vidareutvikling av eksisterande verksemder.
Midlane skal i utgangspunktet ha utløysande effekt. Tilskot skal bidra til at prosjekt som elles ikkje ville blitt gjennomført vert realisert.
Søknader som går på tilrettelegging og etablering av ny næringsverksemd bør prioriterast.
Samla støtte frå næringsfondet til bedriftsutvikling skal ikkje overstiga 50% av tiltaket sitt kapitalbehov.
Bedriftsutviklingstiltak som betrar sysselsettingsvilkåra for kvinner og ungdom kan likevel givast inntil 75% støtte.
Tilskot til investeringar kan utgjere inntil 30 % av kapitalbehovet.
Maksimalt tilskotsbeløp til bedriftsretta tiltak er kr 150.000.»
Vedtektene  i si heilheit er å finne under Endeleg+vedtak+26.4.12+VEDTEKTER+FOR++N%C3%86RINGSFOND+BALESTRAND.pdfpå Balestrand kommune si heimeside.
 
Verksemder eller personar med tilhald i Balestrand, eller planar om næringsverksemd i Balestrand, kan søkje om midlar frå næringsfondet . Søknad kan sendast Balestrand kommune via www.regionalforvaltning.no
Ingen særskild søknadsfrist. søknader vert handsama fortløpande.  For nærare informasjon, ta kontakt med næringssjef Johannes Sjøtun, tlf 94134344 eller e.post johannes.sjotun@balestrand.kommune.no.
 
Tips ein ven Skriv ut