Hovudtema er salskanalen internett

Næringsforum på Kvikne's Hotel 18 november kl 19.00

Det er stor variasjon mellom bedrifter og bransjar når det gjeld kva som er den mest effektive måten å nytte internett på – men alle må på ein eller annan måte forhalde seg til nettet.

Vi har ikkje alle svara – men vi ønskjer å sette fokus på temaet fordi vi trur det er viktig. Målet er å kunne gi litt inspirasjon og informasjon,  lære litt av kvarandre og kanskje sjå nye mogelegheiter.

  1. Highsoft – lokal bedrift med kundar over heile verda – presentasjon ved dagleg leiar Grethe Hjetland
  2. Lokale historiar om bruk av nettet. Panelintervju.
  3. Leverandør til offentleg sektor – krav om e-handel
Tips ein ven Skriv ut