Gravemaskin i Saurdalsvegen

Ombygging av Saurdalsvegen – vegstenging.

Ombygginga av Saurdalsvegen er no i full drift på vekedagane måndag – torsdag.

På desse dagane kan vegen være stengt på grunn av sprengingsarbeid eller begrensa framkomst, slik at vi rår til at almenn ferdsel styrast mest mogleg mot fredag – søndag no fram til vinteren set inn.

Kort orientering om prosjektet:

Dei verste flaskehalsane, dvs. om lag 1700 meter av  den 7000 meter lange Saurdalsvegen skal ombyggjast. Dette skal finansierast som eit spleiselag mellom tilskot frå statens sine skogsvegmidlar, kommunalt tilskot, og eigenandel frå skogeigarane.

Dei planlagte tiltaka vil gi oss ein veg som stetter krava til vegklasse for bil med hengar, og ålmenta får ei standardheving av vegen som vil særleg bli merkbar vinterstid.

Tips ein ven Skriv ut