Opning av idretts- og friluftsanlegg søndag 1. desember

 

I samband med at representantar frå Sogn og  Fjordane fylkeskommune og Norsk Tipping reiser rundt i fylket, og også kjem til Balestrand, vert det opningsmarkering for nokre anlegg som har fått tildeling av spelemidlar. For alle desse anlegga har det vore stor innsats av lokale eldsjeler som har stått på, og bidrege til at vi har fått gode arena for aktivitet og gode ikkje  sosiale møtestader. Dette er viktig for trivsel - og noko av det som gjer at Balestrand til ein strålande plass å bu!  

 

Det vert følgjande program søndag 1. desember kl: 

kl 11.00     Esebotn - opning av Leirduebana og Elektroniske skyteskiver på skytebana. Balestrand JFF stiller med kaffi og kake i klubbhuset.

kl 12.00     Belehalli - opning av anlegg med elektroniske skyteskiver på miniatyrskytebana. Enkel forfrisking med edle dråpar frå Balholm. 

kl 13.00     Ja-steinen - opning av Raudmelenstien. Her vert det bål og gløgg - så dette kan jo vere ein koseleg del av søndagsturen for store og små.


Alle er velkomne!

 

Tips ein ven Skriv ut