Ordensreglar for skulane i Balestrand kommune

I. Innleiing
           
1. Heimel

Viser til vedtak i sak 11/ 620: Ordensreglar for skular i Balestrand kommune

Med heimel i lovfrå 08.01.2010 og forskrift av 30.06.2006 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) har rådmann bestemt forskrift om felles ordensreglement for skulane i Balestrand kommune.

            2. Føremål

Skulane i Balestrand kommune skal vere prega av samarbeid, trivsel, respekt og medansvar. Ordensreglementet er eit verkemiddel for å nå denne målsetjinga og for å sikre at skulesamfunnet skal vere ein arbeidsplass der alle skal trivast og får høve til å gjere ein god jobb. Ordensreglementet for skulane i Balestrand tek utgangspunkt i at skulen er til for elevane, at dei brukar sine positive kreftene for å nå målsetjinga om eit godt skulesamfunn for alle. (Opplæringslova §§ 1 – 1 2 – 9 1. ledd.)

            3. Verkeområde

Ordensreglementet omfattar alle grunnskulane i Balestrand. I tillegg til dette felles ordensreglementet har skulane høve til å gi utfyllande ordensreglar tilpassa den enkelte skule. Fellesreglementet kan ein ikkje fråvike.

Ordensreglementet inneheld reglar for oppførsel, reglar for kva tiltak som skal bli brukt mot elevar som bryt reglementet (sanksjonar) og reglar for framgangsmåte når slike saker skal handsamast. (sakshandsamingsreglar). (Opplæringslova § 2 – 9 1. ledd.)

Reglar og sanksjonar som ein finn i opplæringslova og forskrift til opplæringslova, er i hovudregelen ikkje tekne med igjen i ordensreglementet. Skulane har plikt til å informere føresette og elevar om desse reglane.

Ordensreglementet gjeld og for skulefritidsordninga.

Ordensreglementet gjeld når skulen har ansvar for elevane, på skulen sitt område og ved arrangement og turar der skulen er ansvarleg.

Ordensreglementet for den einskilde grunnskulen skal også gjelde på skuleveg så langt den enkelte skule vert gjort kjende med uregelmessige hendingar.

 
II. Reglar og sanksjonar


            4. Generell oppførsel

Skulane i Balestrand skal legge til rette for god læring og utvikling. Det er difor viktig å skape eit godt arbeidsmiljø for både elevar og tilsette.

Reglar for orden og åtferd:

  • Vis omsyn og respekt for andre
  • Hold arbeidsro i timane og vis respekt for undervisninga
  • Møt presis til timar og avtalar
  • Gjer skulearbeidet til avtalt tid
  • Hald god orden
  • Hald skulen sitt område reint og ryddig
  • Ta godt vare på alt som høyrer skulen til, både ute og inne, skulebøker og anna undervisningsmateriell
  • Ta godt vare på personlege ting. Unngå å ta med verdisaker på skulen
  • Banning, slåssing og forstyrring av andre sin leik er å vise manglande respekt og omsyn
  • Rasistiske utsegner og handlingar er ikkje tillate
  • Mobbing skal ikkje skje. Balestrandskulane er ein mobbefri sone
  • Seksuell trakassering er ikkje tillate
  • Sjikane på grunn av religion eller livssyn er ikkje tillate
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

            5. Tiltak mot brot på ordensreglane – sanksjonar

Alle sanksjonar skal vere slik at elevane skal forstå kva regler som er brotne og kvifor skulen må reagere på dette. Eleven skal, dersom det er mogeleg, gjevast høve til å gjere opp for seg.(Opplæringslova § 2 – 9, § 2 – 10)

Brot på reglar som følgjer av lov eller reglement,

 kan sanksjonerast etter reglane i dette kapitlet, dersom ikkje anna er særskilt nemnt.

Balestrandskulen vil vanlegvis nytte følgjande sanksjonar mot brot på ordensreglane:

  • Kontakt med heimen og involvering av føresette
  • Pålegg om oppgåver for å rette opp skader som har blitt påført skulen sin eigedom eller eignalutar (rydde søppel, vaske golv, fjerne tagging o.l.)
  • Vere på skulen før eller etter skuletid i samband med samtalar med lærer/rektor og/eller gjennomføring av pålagte oppgåver
  • Munnleg /skriftleg åtvaring frå lærar
  • Munnleg /skriftleg åtvaring frå rektor
  • Bortvisning frå klasse/gruppe for resten av timen/arbeidsperiode etter rektor si avgjersle (ein kan ikkje delegere mynde opplæringslova § 2-10)
  • Lærarane har mynde til å ta avgjerd om bortvising frå eiga undervisning for ei opplæringsøkt, avgrensa til to klokketimar.
  • Bortvisning frå skulen for resten av skuledagen etter rektor si avgjersle
  • Mellombels eller permanent byte av klasse
  • Mellombels eller permanent byte av skule
  • Bortvisning frå skulen for lengre tid enn resten av skuledagen. Inntil 3 dagar for 8.-10. klasse i grunnskolen 
  • Nedsett karakter i orden og åtferd

Som hovudregel skal det berre bli gjeve sanksjonar som følgje av brot på lov eller reglement. Dersom særskilte grunnar tilseier det, kan og andre mindre sanksjonar verte aktuelle å gjennomføre. Ved brot på ordensreglar utforma ved den einskilde skule, gjeld det same.

Elevar pliktar å overhalde dei sanksjonar som ligg føre. Dersom ikkje sanksjonane vert overhaldne, kan det bli sett i verk nye sanksjonar.

Fysisk refsing er ikkje tillate. Med fysisk refsing meiner ein ikkje fysisk arbeid i samband med reparasjonar, rydding eller vask etter seg sjølv eller andre.                   (Opplæringslova § 2 – 9, 3. ledd)

Kollektiv avstraffing kan ein ikkje nytte for handlingar utøvd av einskildelevar.


   
        6. Straffbare forhold

Ut frå omsynet til orden på skulane, vern av elevane og dei tilsette, og som normgjevande signal, skal rådmann melde straffbare forhold til politiet. Dette dreier seg om naskeri, tjuveri, ran, rasisme, vold, voldtekt, utuktig omgang med mindreårige, skade påført andre elevar, narkotika, utpressing, tvang, hærverk/skadeverk, truslar og bering/bruk av våpen.                                    (Opplæringslova § 2 – 9, § 2 – 10)

Tilhøvet vil bli meldt uavhengig av om offer og overgripar er elev eller tilsett.

Skulen skal konferere med eleven sine føresette før tilhøvet vert meldt. Dersom dei føresette/eleven  ikkje ynskjer at skulen skal melde tilhøvet, må skulen konkret avvege dette mellom omsynet til den enkelte elev og skulen sitt generelle oppdragaransvar.

   
            7. Oppførsel – konkrete tilhøve
Ugyldig fråver

Elevane har plikt til å møte presis til undervisning og plikt til å delta i undervisninga i den form den blir gitt. Ugyldig fråver er brot på ordensreglementet og skal vektleggast når ordenskarakteren skal fastsetjast. Det skal ikkje leggjast avgjerande vekt på einskildhendingar. Hovudgrunnlaget skal vere orden og åtferd det siste halve skuleåret. (Opplæringslova § 2 – 9, § 2 – 10)

Barn og unge har rett og plikt til grunnskuleopplæring. Når det er forsvarleg, kan rektor etter søknad gi den enkelte elev permisjon i inntil to veker. Fråver ut over dette er å sjå på som at eleven er teken ut av skulen. Eleven sine føresette må legitimere at barnet får tilsvarande undervisning i annan skule eller ved heimeundervisning. Dersom dette ikkje skjer, skal kommunen følgje saka. Dersom barnet ikkje bur på den faste adressa, skal kommunen gi melding til dei rette instansane om at barnet har flytta.

Dersom eleven kjem for seint eller er ulovleg borte frå skulen, vil heimen bli kontakta for å få klarlagt årsaka til at eleven kjem for seint / fråveret. Dei tiltaka som vert sette i verk, må sjåast i samanheng med årsaka og eventuelt kor ofte forseintkoming / fråver skjer.

Føresette skal bli involvert når fråveret, inkludert dei gongane elevar kjem for seint, går ut over eleven si læring og verkar forstyrrande for klassen sin totale læringssituasjon.

Elevar som kjem for seint og dermed uroar undervisninga, må i konkrete situasjonar og ut frå ein total vurdering av både eleven og situasjonen, kunne bli vist bort frå klassa/gruppa for resten av timen, men då under tilsyn.

 
               Å ta med farlege gjenstandar

På skulen sitt område er det ikkje tillate å ha med gjenstandar som kan brukast til å utøve skade på andre.

Gjenstandane kan bli beslaglagde av skulen. Ulovlege gjenstandar vert overlevert til politiet. Andre beslaglagde gjenstandar vert overlevert til eleven etter skuletid, eller til føresette.

 
                Rusmidlar

Det er ikkje tillate å ta med eller bruke alkohol, narkotika eller andre rusmidlar på skulen sitt område.

Det er ikkje tillate å bruke tobakk eller snus på skulen sitt område. Ved brot på regelen vil føresette til elevar bli kontakta. Skulen kan beslaglegge rusmidlane eller tobakken. Tobakk og alkohol blir levert til foreldre. Ulovlege rusmidlar vert levert til politiet. (Opplæringslova § 2 – 9, § 2 – 10)

 
               Hærverk på skulen sine bygningar og eigendelar som tilhøyrer skulen
               eller andre elevar.          

Elevar som utfører hærverk, kan bli pålagde å rydde opp etter seg / utbetre skade som er gjort når oppryddinga består i arbeid eleven har føresetnader for å klare.

Ved hærverk på skulen, bygningar og /eller eignalutar kan eleven i tillegg til å bli    ilagt sanksjonar etter reglementet, også bli erstatningsansvarleg (skadeserstatningslova § 1-1). Føresette er erstatningsansvarlege etter skadeserstatningslova § 1-2 for inntil kr 5.000.

Ved hærverk vil eleven og / eller føresette gjort erstatningsansvarleg for skadane.

Eleven kan få høve til å utbetre skadane sjølv, 

Skulen skal reagere dersom elevar øydelegg eigendelar til andre elevar.

 

Bruk av mobiltelefon

Mobiltelefonar skal vere slått av i skuletida. Leiinga ved den enkelte skule kan tillate bruk av mobiltelefon i undervisningstida når dette skjer i undervisningsrelatert samanheng.

Dersom elevane bryt reglane for bruk av mobiltelefon, kan telefonen bli beslaglagd i to døgn.

Ved gjentekne brot på reglane, vert mobiltelefonen beslaglagd og må hentast av føresette.


          Internett

Skulen sin internett-tilgang skal som hovudregel bli brukt i undervisningssamanheng. Dette gjeld også bruken av e-post. Denne regelen er ikkje til hinder for at skulen sin internett-tilgang kan vere tilgjengeleg for elevar utanom den organiserte undervisninga.

Leiinga ved den einskilde skulen skal vedta reglar basert på god forståing av nettbruk. Reglane skal også innehalde ei brukaravtale mellom skulen og elevane ved bruk av skulen sitt datautstyr utanom den organiserte undervisninga.

Dersom elevane bryt reglementet, kan dei avhengig av situasjonen, bli fråtekne retten til å bruke internett på skulen for eit nærare gjeve tidsrom. Ved alvorlege og/eller gjentekne regelbrot, kan eleven bli vist bort frå skulen i tråd med reglene i opplæringslova § 2-10 og § 3-8.

Ulovlege forhold i høve bruk av skulen sitt datautstyr, vert vurdert melde til politiet.


    8. Karakter i orden og åtferd

For grunnskulen er reglar for karakterar i orden og åtferd heimla i føresegnene til opplæringslova (FOL § 3-7.)

Karakteren i orden og åtferd skal som hovudprinsipp setjast ned ved gjentekne brot på ein eller fleire reglar i det felles ordensreglementet, eller den einskilde skule sitt eventuelle tilleggsreglement. I tillegg kan karakteren setjast ned ved spesielt grove brot på reglementet, sjølv om det er snakk om ei einskildhending.

Tips ein ven Skriv ut