Utsikt frå Keipen

PROSJEKTLEIAR OPPTUR KEIPEN

Balestrand kommune har fått «infrastrukturmidlar for reiselivet» til eit forprosjekt som vi har kalla  «Opptur Keipen».Føremålet med prosjektet er å legge til rette for fjelltoppen Keipen  som turistmål som kan vidareutviklast  til ei «fyrtårnsrute» for vandring i Sogn.

Hovudelementa i forprosjektet vil vere:
1. Planlegging, utgreiing og kostnadsvurdering av tiltak.
2. Produkttesting/enkel marknadsundersøking.
3. Sikring. Det skal vere høg fokus på tryggleik.
4. Merking, skilting
5. Start marknadsføring med enkle midlar. M.a. bruk av bilete.

Prosjekteigar er Balestrand kommune. Det skal etablerast styringsgruppe med representantar for kommune,  reiselivsnæring og grunneigarar.

Breidt samarbeid og involvering frå mange samarbeidspartar er lagt til grunn.

Prosjektet skal startast opp i løpet av våren og vere gjennomført  med sluttrapport levert  innan 1.11.2015.

Balestrand kommune ønskjer å engasjere prosjektleiar på timebasis. Interesserte kan ta kontakt innan 23 mars med næringssjef Johannes Sjøtun, tlf 94134344, e-post  johannes.sjotun@balestrand.kommune.no

 

 

Tips ein ven Skriv ut