Sentraladministrasjon er stab/støtteeining for rådmann og øvrig organisasjon.
Den inneheld Økonomiavdelinga, Servicetorget og personalsjefen.
Fritak for betaling av skatt eller reduksjon i skatten er mogleg i visse tilfelle etter avtale med Skatteetaten.
Som hovudregel skal alle betale den skatten som er fastsett. I visse tilfelle kan du søkje om å få utsett betalinga, få redusert skatten eller sleppe å betale skatt.
Skattepliktige som ikkje er i stand til å betale heile eller delar av den skatten dei skuldar.
Du kan få utsett innbetaling av skatte- og avgiftskrav dersom du er mellombels ute av stand til å betale skatten. Årsaker kan vere dødsfall eller alvorleg sjukdom. Skattekravet kan bli sett ned eller fråfalle dersom betalingsevna di er varig svekt.
Skatteoppkrevjaren (kemner/kommunekasserar), Skatteetaten
Skatteoppkrevjaren vil kunne hjelpe deg med å setje opp ein søknad. Den skal innehalde
Alle opplysningane bør vere dokumenterte.
Kopi av skattemelding for dei siste to åra, eventuelt siste skjønnsfastsetjing
Balestrand kommune
Kong Beles veg 20
6899 Balestrand
postmottak@balestrand.kommune.no
Skatteutvalet avgjer ettergjeving av skatt inntil kr 200 000. I saker som gjeld summar over kr 200 000, har skattekontoret avgjerdsmyndet. Skatteoppkrevjaren kan avgjere søknader om ettergjeving/nedsetjing som gjeld forseinkingsrenter på inntil kr 50 000.
Det er ikkje høve til å klage over vedtak som er gjort av skatteutvalet. For vedtak som er gjort av skatteoppkrevjar eller skattekontor, kan du klage til overordna organ etter reglane i forvaltningslova. Du kan likevel søkje på nytt dersom du meiner at saka ikkje har vore tilstrekkeleg opplyst eller at situasjonen har endra seg.
Avdeling: | Servicetorget |
Telefon: | 57 65 12 00 |
Epost: | postmottak@balestrand.kommune.no |
Postadresse: | Kong Beles veg 20 6899 BALESTRAND |
Besøksadresse: | Kong Beles veg 20 6899 BALESTRAND |
Oppdatert: | 2019-02-05 15:05 |
Gyldig fra | 2019-02-05 |
Gyldig til | 2019-12-31 |