Reguleringsplan for Sæle sag - off. ettersyn/høyring

 

Formannskapet handsama i møte 31.01.2018 sak 4/18 om utlegging av privat reguleringsplan for Sæle sag til offentleg ettersyn/høyring.

Følgjande vedtak vart fatta:

 

 

Vedtak:

Balestrand kommune vedtek med heimel i Plan og bygningslova § 12-11 at privat forslag til «Reguleringsplan for Sæle sag, sist datert 15.08.18», jf. vedlagt planforslag vert handsama vidare etter  Plan og bygningslova § 12-10, og med det blir lagt ut til offentleg ettersyn og sendt på høyring.

 

Planen skal ligge til offentleg ettersyn/høyring i perioden 05.02.18 og fram til 25.03.18.

Planforslaget vert sendt til aktuelle fagstyremakter, grunneigarar og naboar, og vert lagt ut til offentleg ettersyn på følgjande stader:

 

  • Balestrand rådhus

  • Balestrand folkebibliotek

  • Nessane sambrukshus

  • Balestrand kommune si heimeside

     

    Samrøystes.

 

 

Uttale vert å sende Balestrand kommune via skjema på heimesida, sjå lenke: Høyringssvar, eller per brev til Kong Beles veg 20, 6899 Balestrand, innan fristen 25.03.18.

Det vert vist til vedlagde plandokument:

 

1.   Saksprotokoll frå formannskapsmøte 4/18, 31.01.2018

2.   Saksframlegg til formannskapet

3.   Planbeskriving

4.   Føresegner til planen

5.   Plankart

6.   Illustrasjonsplan

7.   ROS-analyse

8:   Kulturminneregistrering - rapport.

Tips ein ven Skriv ut