Rekordstor avskyting på hjort i Balestrand

Rapportane for hjortejakta 2017 er no registrerte og viser 407 felte dyr, som er ny rekord for Balestrand. Siste toppår var i 2008 med 380 dyr.

Fellingsprosenten i 2017 var 67, dvs. det blei tildelt totalt 610 og felt 407 dyr.

Fordelinga på kjønn og alder viser 24% kalv, 35% ungdyr, 19 % eldre hanndyr og 22 % eldre hodyr.

Hjortestrategien for Balestrand legg opp til ei fordeling på 20-40-15-25%. Her ser ein at ein bør felle noko meir koller og ungdyr og spare meir på eldre hanndyr.

Tal felte hjortedyr i Balestrand 2000-2017
Fordeling på alder og kjønn i prosent 2000-2017 Balestrand
Tips ein ven Skriv ut