Balestrand i bilder

- ledig 100% stilling frå 01.08.2019

Rektor

Sagatun skule er ein grunnskule med  128 elevar fordelt på 10 årstrinn. Over fleire år har skulen hatt gode  læringsresultat. Ved skulen er det frå 01.08.2019 ledig stilling som rektor. I stillinga inngår om lag 25% undervisning.

Krav til søkjar:

Me set krav om godkjend lærarutdanning. I tillegg er det ønskjeleg med vidareutdanning i skuleleiing/ administrasjon/personalleiing eller med røynsle som skuleleiar. Vi ønskjer ein person med interesse og engasjement for skuleutvikling og med ambisjonar om å skape ein god skule. Personlege eigenskapar vert vektlagt. 

Vi søkjer deg som:

  • er løysings- og utviklingsorientert
  • kan inspirere alle tilsette til å jobbe mot same mål
  • kan syne omsorg og interesse for den einskilde elev og medarbeidar
  • har evne til å bygge gode relasjonar
  • har ein open kommunikasjon og viser tydeleg leiarskap
  • har gode samarbeidsevner og arbeider målretta
  • har stor arbeidskapasitet og trivst med å ha mange utfordrande arbeidsoppgåver
  • har god kjennskap til og erfaring med bruk av IKT

Vi kan tilby:

  • ei interessant og utfordrande leiarstilling med muligheit for personleg og fagleg utvikling
  • gode pensjons- og forsikringsordningar

For nærare opplysningar om stillinga, ta kontakt med  kommunalsjef for oppvekst og kultur Kari Rønnestad, tlf. 97671166.

Løn og tilsetjingsvilkår etter gjeldande avtaleverk. Den som vert tilsett i stillinga må leggje fram politiattest av nyare dato.

 

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Søknad vert å sende på elektronisk søknadsskjema innan 27. april 2019.

 

Tips ein ven Skriv ut