skoginfo 2015

SKOG INFO 2015

Til skogeigarane i Høyanger og Balestrand

 

SKOGINFO  1- 2015 

 

SKOGKULTUR:

Det er viktig å sikre god fremtidsskog.

Ungskogpleie: Auka stormar, snøfall m.m gjer at skogbruket ønskjer å sikre ein meir robust skog. Det vert mellom anna tilrådd følgjande:

  • Gjennomfør ungskogpleie ved om lag 5 meters trehøgde.
  • Færre trær arealet, 100-140/daa.
  • Gran med furu minsker risikoen.

Planting : Planting bør gjerast rett etter hogst for å komme ugraset i forkjøpet (viser til skoglova som sett krav til gjenvekst etter hogst).

Skal eg plante? Eller kvar treslag? Gjer ein ikkje noko er det lett for å bli krattskog, og då er planting ei god investering i framtidsskogen.

Tinging av skogkultur kan du gjere hjå skogbrukssjefen.

Tilskotet er 60-80% frå stat/fylkesmannen.

 

Kurs/skogdag : Tysdag 21. april kan du lære meir om stell av lauvskog. Her tilbyr  Fylkesmannen i samråd med Tretema as og skogbrukssjefen kompetansekurs i lauvskogstell på Kvamsøy. Meld deg på til underskrivne.  

                                                                                                                                                                                                                                                                                                

SKOGFOND 

Vi tilbyr kveldskurs i bruk av skogfond og skoglikning: påmelding til skogbrukssjefen.

Bruk av skogfond er svært gunstig ved investeringar i skogen.  Kort fortalt utgiftføring av inntekta.

  • Skattefritaket ved bruk av skogfond er 85 %.

Info om skogfond :  www.skogfond.no

 

SKOGSVEGBYGGING                               

  • Veganlegg i hovudvegplanen vært prioritert:

40 – 70 % statstilskot.

           Alle landbruksvegar må har kommunal godkjenning.                                  

SKOGSDRIFT

Skogeigarlaget tilbyr alle skogeigarar hjelp med driftsavtaler.
Balestrand; August Evensen tlf. 954 15 111, Høyanger ; Torgrim Østgård tlf. 907 40 503

 

Driftstilskot til taubane frå stat/fylke 2015 er:

Gran : kr  3600,- /pr. daa  (NB –endring! Skogbrukssjefen har her sendt ei tilråding til fylkesmannen om å oppretthalde kr 100,-/ kbm).

Furu : kr 150,- pr. kbm.

 

SØKNADAR OM SKOGMIDLAR 2015:

Bruk skjemaet på baksida som førehandssøknad til fristen 1. mai.

Meir utfyllande søknad ordnast med skogbrukssjefen  i ettertid.

 

Helsing skogbrukssjefen

Tlf : 95083638

Mail:      jorgen.hundseth@balestrand.kommune.no    eller : jorgen.hundseth@hoyanger.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut