Skogbruk i Balestrand kommune

Ein forventar ei merkbar utvikling av skogbruket i  Balestrand kommune nærmaste framtid. Dette skuldast staten si satsing på skogreising frå 50-talet og som no snart er hogstklar.

Ei av utfordringane for å oppnå ei god utvikling, er å få fleire skogsbilvegar og betre offentlege vegar. Dette vil auke effektiviteten og redusere kostnaden knytt til transport og betre lønnsemda ved hogst. Fleire skogsvegar fører også til at meir skog vert tilgjengelig, og kostnaden ved seinare inngrep (planting, ungskogpleie m.m.) vert redusert.

Godkjenning av landbruksveg

Nybygging og omygging av landbruksvegar samt etablering av massetak skal ikkje iverksetjast utan skriftleg løyve frå kommunen. Enkle tiltak under 150 meter kan gis fritak frå dette ved forhandsgodkjenning frå kommunen.

Skogsvegbygging er underlagt «forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksvegar» https://www.lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2015-05-28-550?q=forskrift

Innhald i søknaden:
Søkjer skal gi dei opplysningar som framgår av søknadsskjema fastsett av landbruksdirektoratet. Søknaden skal innehalde liste over berørte partar/naboar, kart som viser planlagde og eksisterande vegar, dekningsområdet til vegen og eventuelle alternative trasear. I tillegg skal kjende miljøverdiar, og områder utsatt for skredfare og eksisterande bygningar eller infrastruktur som kan være rørt av tiltaket visast på kartet.  Sjå link til søknadsskjema.

Tilskot

Vegbygging:

Til bygging av vegar vil det løne det seg og søkje om statstilskot for å minimere kostnaden knytt til bygginga av vegen.
Skogsbilvegar og traktorvegar i bilveg-trasé skal prioriterast.  Samarbeid mellom fleire grunneigarar om eit større prosjekt blir også prioritert.
Skogsbilvegar får normalt inntil 70 % statstilskot av godkjent kostnadsoverslag.  Traktorvegar kan få inntil 40% tilskot.
Søknadane vert fyrst godkjent og handsama  i kommunen og sendt fylkesmannen til  endeleg godkjenning og løying av tilskot.

 

Skogkultur:

Det er også mogleg å søkje om tilskot til skogkultur(planting, stammekvisting, ungskogpleie (NMSK-midlar). Dette er midlar vi fordeler mellom alle tiltaka som blir gjennomført og søkt om tilskot på i Balestrand Kommune (sjå tabell 2). Du som grunneigar kan da få 50% av den totale kostnaden, maks 500kr per dekar. Døme: kostnaden ved å gjennomføre ungskogpleie er 400kr per dekar, då vil du få 200 kr i tilskot.

Driftstilskot:

Har du ei skogdrift med bruk av taubane eller med hest, kan du søkje om driftstilskot. Her må kravet om hogstmodenheitsalder være tilfredsstilt og at arealet vert nytta til skogproduksjon i ettertid (sjå tabell 1).

Tabell 1: For å få driftstilskot i Sogn og Fjordane krevst det at hogstmodenheitstabellen er tilfredsstilt.

Bonitet H40

Alder (år)

> 23 m

60

20 m

70

17 m

80

14 m

90

11 m

100

 

 

Tabell 2: Følgende tiltak gir statleg i Balestrand kommune i 2016.

Skogkulturtiltak

Statlig tilskotssats

 

FLATERYDDING (100)

50%

 

PLANTEKJØP (110)

50-70%

 

NYPLANTING (120)

50-70%

 

NYPLANTING (120) (ekstra tett miljøplanting)

80%

 

SUPPLERINGSPLANTING (130)

50-70%

 

MEK. ETTERARBEID (131)

50-70%

 

KUNSTIG KVISTING (141)

50-70%

 

SKOGSBILVEGAR

50-70 %

 

TRAKTORVEGAR

40 %

 

DRIFTSTILSKOT M/TAUBANE GRAN

100kr/m3

 

DRIFTSTILSKOT M/TAUBANE FURU

130kr/m3

 

 

Skogfond

Skogfond er ein konto der du er forplikta til å sette av frå 4 til 40% av bruttoverdien du får ved alt sal av tømmer og biobrensel. Disse pengane kan berre brukast til tiltak i skogbrukssamanheng slik som planting, ungskogpleie, bygging og vedlikehald av skogsvegar og mykje meir. På denne kontoen er 85% av pengane skattefrie, og er svært gunstige for seinare investeringar. For meir informasjon om denne ordninga følg denne linken: https://www.slf.dep.no/no/eiendom-og-skog/skogfond/om-skogfond

Det finst og ein egen kalkulator som du godt kan bruke for å sjå effekten ved bruk av skogfond på dine egne investeringar, følg denne linken: http://skogfond.skogkurs.no

Skogbrukslova

Den norske skogbrukslova (https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2005-05-27-31?q=skog) skal sikre ei berekraftig forvaltning av skogressursane i landet med tanke på lokal og nasjonal verdiskapning, biologisk mangfald, omsyn til landskapet, friluftslivet og kulturverdiane i skogen. Etter §6 er skogeigar forplikta til å forynge grunnen etter hogst, og vi i kommunen er forplikta til å kontrollere at dette utførast i tråd med lova.

 

Skjema

Vedlegg:

  1. Søknad om bygging av landbruksveg (.pdf)
  2. Søknad om tilskot til vegbygging (.pdf)
  3. Søknad om tilskot til skogkultur og utbetaling av skogfond (.pdf)
  4. Søknad om tilskot til drift med taubane og hest (.pdf)

Alle skjema finn du på: https://www.slf.dep.no/no/eiendom-og-skog/om-skogbruk/skjema

 

Om det er noko du lurar på er det berre å ta kontakt på tlf.: 950 83 638 eller mail: jorgen.hundseth@balestrand.kommune.no

 

Venleg helsing

Jørgen Hundseth
Skogbrukssjef

 

Tips ein ven Skriv ut