SKOGINFO 1 - 2011

GODT NYTT FOR SKOGÅRET 2011

 

clip image 002Til skogeigarane i Høyanger og Balestrand
 
 
 
Skogbruk
 


  • GOD ETTERSPURNAD PÅ FURU, GRAN og 
  • BJØRKETØMMERTØMMER           
  • STORE FORDELAR I BRUKA AV SKOGFOND     
  • GODE TILSKOTSORDNINGAR – INNTIL 70 % PÅ VEG  
  • GOD TILGANG PÅ PROFESJONELLE LOKALE DRIFTSLAG     D.K.Skogsservice på bjørkehogst i Dalsdalen

 

 

SKOGFOND ( skogavgiftsnamnet gjekk ut i 2005)   

For kvar 10.000 kr du invisterer sparer du om lag 3.000 kr i skatt
  • Skattefordelen er auka frå 60 til 85 %
  • Skattefordel på alle tiltak som kan finansierast med skogfond
  • Fondsmidlar kan nyttast til bioenergi

Fleire skogsveganlegg dei siste åra er finansiert ved bruk av avsett skogfondmidlar etter hogstinntekta med 85 % skattefritak.

 
SKOGSVEGBYGGING
  • Tilskot til skogsvegbygging:

Ein prioriterer anlegg som er styrt via dei kommunale strategiplanane, og den nye hovudvegplan for skogsvegar som er under arbeid.

Tilskotet er inntil 70 % på bilvegar som er prioritert i hovudvegplan (sjå -fylkesatlas.no -),

Andre skogsbilvegar inntil 60 %, og traktorvegar kl 7 inntil 30 %. 

 
SKOGSDRIFT
  • Tilskot til drifta i vanskeleg terreng:
Gjeld taubanedrift og hest, kr 100,- pr kbm på gran og kr 150,- pr kbm for furu/lauv .
Minstekrav er 3 daa eller 50 kbm.

Manuell felletilskot til hogstmaskin er kr 40,- pr.kbm og maks 35% av driftsvolumet.

Med profesjonelle skogsentreprenørar som Frivik Taubanedrift og nyetablerte D.K. Skogsservice as i Balestrand, har vi eit godt tilbod til auka aktivitet i skogavvirkinga.

Sæle Sag sitt med mitt nye og høgteknologiske sagbruk er no i full drift og syter for at mykje av virket går til lokal foredling.

SKOGKULTUR:

Kommunen prioriterer stell av yngre lauvskogfelt og skogplanting.

Tilskot inntil 60-80% frå stat.( 10-20% kommunalt tilskot vert vurdert på innleidd arbeid).

Vitjing på garden: Mange skogeigarar vil i løpet av året få vitjing av Ingvar Åberge som er engasjert av Skogselskapet i samråd med skogbrukssjefen på oppsøkjande verksemd i høve å få registrert interesse for planting og ungskogpleie.

 
SØKNADSFRIST SKOGMIDLAR 2011 ER 1. MARS

Bruk skjemaet på baksida som førehandssøknad til søknadsfristen 1. mars.

Meir utfyllande søknad ordast med skogbrukssjefen/jordbrukssjefen i ettertid.

Helsing skogbrukssjefen
Tlf 95083638
              jorgen.hundseth@hoyanger.kommune.no
 

 

 
 
 
 
 
 

 

Tips ein ven Skriv ut