høyringsfrist 25. februar

Søknad om bygging av landbruksveg på Eiken - høyring

Are Langeteig søkjer om bygging av landbruksveg på garden Eiken, gbnr 27/1 i Vetlefjorden i Balestrand

Omsøkt vert om lag 1 800 meter, og planlagt bygd i vegklasse 5, sommarbilveg utan hengar. Vegtilkomsten er ut frå eksisterande veg på eigedommen (på ca. kote 40) og vil ender opp på ca. kote 370 moh i Eikjedalen.

Hovudformålet med vegen er å få tilkomst til skogareala i dekningsområdet.

Av skogressurser er denne vurdert til om lag 2000 kbm sitkagran og 1000 kbm gran i dekningsområdet. Vidare er det lauvskogblanding på stort sett alt som ikkje er tilplanta.

Det er god høve for å auke arealet med gran på eigedommen, og det er plan å tilplante nye areal for å møte vilkåra for tildeling av statstilskot til prosjektet.

Landbruksfagleg vurdering:

Ein ny skogsveg opp i dette området vil gjere det mogleg å auke lønsemda og framdrifta av skogen monaleg. Særleg gjeld dette sitkagranfeltet oppe i Eikjedalen som ikkje har vegutløysing i dag.

Totalt  vil vegen løyse ut heile dekningsområdet eigedommen, totalt om lag 300 daa skog.

Lauvskogen har liten verdi i dag ut over noko vegproduksjon. Men potensialet for tilplanting på delar av arealet (som i dag er lauvskog), vil auke verdien av skogen monarleg i framtida. Dette kan og være eit vilkår for å bli prioritert i søknadskøen for statstilskot.

Vegteknisk vurdering:

Vegen er planlagt bygd i ei li der ein stort sett kan nytte stadeigne lausmassar til bygging av veglegemet, med unnatak av noko fjellsprenging. Bærelag er tenkt ved etablering av massetak i området.

Vegen vi skjere gjennom ei li med stort nedslagsfelt , slik at det er viktig med god dimensjonering av grøfter og rør, eller bruk av vad (overløp)i bekkefar. Viser til forskrifta som krev minimum rørdimensjon på 400 mm.)

Vidare må ein gjere tiltak slik at vatn ikkje får løpe fritt i vegbana. Dette kan løysast ved å lage eit tverrfall på minimum 5 %. 

Bygginga bør skje mest mogleg terrengtilpassa og skråninga /fyllingar skal sikrast og stellast til.

Miljøfagleg vurdering:

Skoglov og forskrift om berekraftig skogbruk har miljøkrav knytt til skogbruksaktivitet. Forskrift om planlegging og godkjenning av veier for landbruksformål har sjølvstendige krav til miljøvurdering ved godkjenning og bygging av skogsveg. I tillegg kjem krava som er nedfelt i Naturmangfoldsloven §§ 8,9,10,11 og 12:

§ 8. (kunnskapsgrunnlaget)

Kunnskap om miljøforhold som er tilgjengeleg i Balestand er registreringar i NIBIO sin kartbase Kilden. Kunnskapsgrunnlaget viser at den omsøkte vegen er planlagt utanfor dei registrerte verneverdiane i området. 

Men arealet ligg under aktsomheitskart for jord- og flomskred, slik at ein krev her ein vurdering frå NVE.

§ 9. (føre-var-prinsippet)

Skogbruket er pålagt i skogbrukslova å nytte føre-var prinsippet i situasjonar der ein trur at kunnskapsgrunnlaget ikkje er fullgodt. Dette vil gjelde også i denne saka, sjølv om ein i utgangspunktet vurderer kunnskapsgrunnlaget som godt nok til å gi løyve til tiltaket.

§ 10. (økosystemtilnærming og samlet belastning)

Belastninga som er forventa å kome i området, er ei ny veglinje i lia mellom gardstuna og stølen i Eikjedalen, på sør sida Eikjeelvi. Skogsdrifta vil bli utført  med tradisjonell framdrift med vinsj og traktor. Vegen representerer eit irreversibelt inngrep i naturmangfaldet som ein må akseptere, dersom ein skal kunne nytte ressursane skogen slik det er ønskeleg sett frå overordna myndigheit.

§ 11. (kostnadene ved miljøforringelse skal bæres av tiltakshaver)

Det er ikkje pårekneleg med langsiktig skade på naturmangfaldet, det er difor ikkje aktuelt å setje i verk spesielle tiltak for å avgrense skade.

§ 12. (miljøforsvarlige teknikker og driftsmetoder)

Bygging av veg og drift av skog i ettertid, vil skje med dei driftsmetodane som er naudsynte og velprøvde for å få best mogleg resultat for skogen, naturmiljøet og samfunnet. Ein vurderer dei som miljøforsvarlege.

 

Høyringsfristen er sett til 25. februar 2018

Høyringssvar/merknader kan sendast inn via skjema på heimesida til kommunen, sjå lenke: Høyringssvar

 

Vedlegg:

Vegplan Eikedalsvegen norgeskart 1-6000.pdf

Vegplan Eikedalsvegen ortofoto 1-6000.pdf

Vegplan Eikedalsvegen oversikt 1-3000.pdf

 

Mvh Jørgen Hundseth

skogbrukssjef

Tips ein ven Skriv ut