Logo for kyrkjevalet

Dataproblem på heimesidene til kyrkja gjer at me legg ut resultata her.

Soknerådsvalet 2019 - resultat

Sjå resultat og kandidatkåring ved val av Balestrand sokneråd 2019-2023

Ved val til Balestrand sokneråd skulle det veljast åtte faste medlemer og
fem varamedlemer. Det vart levert 200 godkjende stemmer til valet - fordelt på
146 retta og 54 uretta stemmesetlar.

Faste medlemer

1. KARI KVIKNE (52 år) 277 stemmer (kandidat nr 2)
2. JENNY KRISTIN MENES (39 år) 249 stemmer (kandidat nr 3)
3. HELGE OTTAR ULVESTAD (65 år) 246 stemmer (kandidat nr 1)
4. LAILA VANG (45 år) 242 stemmer (kandidat nr 7)
5. ANNE KARIN SOLHEIM SJØTHUN (54 år) 236 stemmer (kandidat nr 5)
6. OLE EILIFSEN (27 år) 229 stemmer (kandidat nr 4)
7. PER TUSVIK (73 år) 222 stemmer (kandidat nr 11)
8. BERIT STØLE (39 år) 217 stemmer (kandidat nr 12)

Varamedlemer

1. KRISTI TJOFLAAT MICONI (52 år) 216 stemmer (kandidat nr 9)
2. JAN HERLAND (73 år) 211 stemmer (kandidat nr 6)
3. MARIT PERNY HARAM VANNES (65 år) 205 stemmer (kandidat nr 8)
4. MARIT EIDSNES (62 år) 205 stemmer (kandidat nr 10)
5. RUNE ANDERSEN (64 år) 207 stemmer (kandidat nr 13)

Nokre kommentarar:

  • Valdeltakinga ved soknerådsvalet var på 27 prosent (200 av dei 733 med stemmerett stemte). Dette er langt over landsgjennomsnittet, men noko under rekorddeltakinga i kyrkjevalet i 2015 på 31 prosent.
  • Dei tre personane som fekk flest stemmer er dei tre som stilte til attval frå noverande sokneråd.
  • Det er fem kvinner og tre menn blant dei faste, folkevalde medlemene. 
  • Tilleggsstemmene førte til ein god del endringar i høve rekkefylgja på kandidatlista, mellom anna er to av kandidatane som stod på varaplass no inne på fast plass.
  • 1. varamedlem vert fast kalla inn til møta.
  • Nytt ved valet i 2019 er at minst 5 prosent av dei som leverer stemmesetel må ha sett kryss ved ein kandidat før tilleggsstemmene byrjar telje for denne kandidaten. For å komme over sperregrensa måtte kandidatane oppnå minst 200+ 5% av 200 = 210 personstemmer. Dei kandidatane som fekk mindre enn 210 stemmer får difor plasseringa på lista bestemt ut frå nummeret dei hadde på kandidatlista, dvs som om dei hadde 200 røyster.
  • Det må takast atterhald om at nokre medlemer ikkje pliktar å ta i mot valet etter visse kriterie: Har fylt 65 år før valperioden tek til eller har gjort teneste som soknerådsmedlem dei siste fire åra. Desse må sende skriftleg melding om dei tek i mot valet eller ikkje innan 3 dagar etter å ha motteke varselet.
  • I Balestrand er sokneprest Kjetil Netland fast medlem i soknerådet i tillegg til dei folkevalde.
  • Det nye soknerådet skal konstituere seg før 1. november 2019, då rådet trer i kraft med soknerådsfunksjon. Den 24. oktober skal det difor veljast leiar, nestleiar, sekretær, kasserar, medlem i nye Sogndal kyrkjelege fellesråd osb.
Tips ein ven Skriv ut