Språkopplæring - særskilt for minoritetsspråklege elevar

Elevar med anna morsmål enn norsk og samisk kan få eiga opplæring i norsk inntil dei har gode nok ferdigheiter i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skulen.

Generelt om tjenesten

Tenesteomtale

Elevar med anna morsmål enn norsk og samisk kan søkje om særskilt norskopplæring til dei har gode nok kunnskapar i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skulen. Dersom det er nødvendig, kan elevane også ha rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar. Dette kan gjelde nytilflytta og andre minoritetselevar med svært avgrensa norskkunnskapar. Morsmålsopplæringa kan leggjast til ein annan skule enn den eleven går på.

Norskopplæringa i Balestrand opnar opp for at arbeidsinnvandrarar og andre som ynskjer det kan ta del i undervisninga knytt til norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Vi har for tida A1 og A2 nivå. Det vil seie at ein må ha litt norskkunnskapar frå før.

Undervisninga føregår på dagtid måndagar – tysdagar – onsdagar i UH-bygget på Sygna 16 t/v.

Pris for haustsemesteret er kr 2000 / vårsemesteret kr 3000 (inkl bøker).

Tilbod om avsluttande eksamen kvart semester (eksamensavgift kjem i tillegg).

For meir informasjon – vennlegst ta kontakt med

Marianne Herland, mob nr 48009470

Leiar på Norskopplæringa

Målgruppe

Elevar frå språklege minoritetar i grunnskule og vidaregåande skule

Kriterium/vilkår

  • Eleven må ha anna morsmål enn norsk og samisk
  • Eleven har ikkje gode nok kunnskapar i norsk til å følgje den vanlege undervisninga
  • Det må vere eigna undervisningspersonale i kommunen (dette gjeld morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring)
aaa

Lover og retningslinjer

Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta.

Sjå

friskolelova § 3-5 
opplæringslova § 2-8 og § 3-12 
forskrift til opplæringslova kapittel 5 

Lover

Friskolelova
Opplæringslova

Forskrifter

Forskrift til opplæringslova

___

Rettleiing - korleis få utført

Du kan kontakte kommunen (grunnskulen) eller fylkeskommunen (vidaregåande skule) for å få hjelp til å søkje om språkopplæringa.

Søknaden sendes til

Balestrand kommune
Kong Beles veg 20

6899 Balestrand

 

postmottak@balestrand.kommune.no

Saksbehandling

Kommunen/fylkeskommunen skal kartleggje kva dugleik du har i norsk før det blir gjort vedtak om særskild språkopplæring. Slik kartlegging skal òg utførast undervegs i opplæringa, som grunnlag for å vurdere om du har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa.
 

Saksbehandlingstid

Kommunen (for grunnskulen) og fylkeskommunen (for vidaregåande skule) har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen/fylkeskommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen/fylkeskommunen. Blir avgjerda ståande, blir saka send vidare til Fylkesmannen (for elevar i grunnskulen) og klagenemnda i fylkeskommunen (for elevar i vidaregåande skule), som avgjer om klagen skal takast til følgje.

___

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:Servicetorget
Telefon:57 65 12 00
Epost:postmottak@balestrand.kommune.no
Postadresse:Kong Beles veg 20 6899 BALESTRAND
Besøksadresse:Kong Beles veg 20 6899 BALESTRAND

Andre opplysningar

Oppdatert:2019-01-28 10:38
Gyldig fra2019-01-28
Gyldig til2019-12-31