Stenging av Villavegen i samband med anleggsarbeid

Villavegen vert stengt for gjennomkjøring frå og med torsdag 05.04.18 ved Villa Lorna, Villavegen 89.

Dette i samband med riving og oppsetting av ny bakkemur mellom veg og Villa Lorna. Arbeida er estimert å vere ferdig i midten av mai.

 

Stenging vil i utgangspunktet vere vere på dagtid, og stenging vil vere skilta.

Det vert i alle høve ope om morgonen slik at rutebuss kan kjøre ordinær rute dei første dagane.

Dersom vegen ut i frå arbeidet sitt omfang må stengast permanent for kortare eller lengre tidsrom, vil dette bli informert om særskild.

Tips ein ven Skriv ut