Stopp i henting av boss

Pga. konkursen i RenoNorden AS vil det ikkje bli henta boss i Balestrand torsdag 21. september.

Melding frå Simas:

Som følgje av konkursen i Reno Norden AS blir ikkje avfall henta i dag, torsdag 21. september.
SIMAS reknar med å ha ei foreløpig løysing klar innan måndag og kjem tilbake med informasjon om når avfallet kan bli henta.
Denne situasjonen er krevjande. SIMAS ber difor om at kundane i størst mogleg grad unngår å ringja med spørsmål kring bostømming. Du kan halda deg oppdatert både på Facebook og på
www.simas.no/

SIMAS beklagar dei ulempene dette kan føra til for kundane våre.

Deler av denne meldinga er og blitt sendt på tekstmelding til innbyggjarane i kommunen.

 

Sjå og følgjande pressemelding frå SIMAS

Pressemelding frå SIMAS 21.09.17.pdf

 



 

 

 

Simas vil koma med ytterleg informasjon i løpet av dagen - og oppfordrar til å følgje med på deira heimeside: http://www.simas.no/

 

 

Tips ein ven Skriv ut