Stor innsats i stormskogen

 

STOR INNSATS I SKOGOPPRYDDINGA ETTER DAGMAR
Etter Dagmar sine herjingar i granfelta i Fjordane i Balestrand, var ein i tvil om ein kunne få ut mykje av denne skogen før den blei foringa.
Eit anslag på 10-15000 kbm var blåst ned, det meste i Fjordane og Nessadalen. Her lå skogen flat eller brekt i bratte lier utan veg, og snømengda berre auka på.
 
Men fjordingane satte seg ikkje på grinebenken og sette i gang med mykje av opprydding sjølv
 Då var det og godt å ha eige hogstlag i bygda med DK Skogservice as,  med hogstmaskin og lassbærar som og satte i gang umiddelbart etter stormen. Med unnatak av eit opphald i sommarferien har det vært ein imponerande aktivitet i heile år. Og i haust blei T. Frivik Taubanedrift sett inn på dei brattaste felta.
Ein stor utfordring har vert lønsemda, då dei fleste ikkje har forsikra skogen sin. Men med auka statstilskot til vegbygging og  drift, skulle ein klare dette, men då vert det prioriteringar på dei drivverdige felta. Mange felt blir nok liggjande til biologisk mangfald.
På den positive sida er dette god lokal verdiskaping for Balestrand, frå lokale hogstlag, transport, entreprenørar til skogsvegbygging og ikkje minst; det meste av skurtømmer vert levert til Sæle Sag.
No i oktober er om lag 10 personar i arbeid med hogst og framdrift.
 
Avvirkstala pr 15. okt. er noko usikre då mykje ikkje er målt, men om lag 3500 kbm er avvirka.
På vegbyggingsida er 8 vegprosjekt planlagt, med 4 km bilvegar og 2 km traktorvegar til 2,3 mill kr, og med ei statleg finasiering på 1,8 mill krPå kort sikt er det planlagt å ta ut om lag 6000 kbm stormskog  frå desse vegane. . 
Gravemaskina må og tas i bruk
Gravemaskina må og tas i bruk
DK Skogservice i drift i Sværen
DK Skogservice i drift i Sværen
T. Frivik taubanedrift på Ulvestad
T. Frivik taubanedrift på Ulvestad
Narve Bjørk med finishen på vegprosjektet Feten - Ulvestad
Narve Bjørk med finishen på vegprosjektet Feten - Ulvestad
Tømmerlunne anno 2013, her frå Grytnes
Tømmerlunne anno 2012, her frå Grytnes
Tips ein ven Skriv ut