Bygg og anleggssamling 0918

Korleis kan små bedrifter komme i posisjon til større jobbar?

Temasamling for bygg- og anleggsbransjen

Onsdag 26. septmeber inviterte Balestrand kommune til temasamling for bygg- og anleggsbransjen. Målet med samlinga var å sette fokus på korleis mindre lokale bedrifter kan komme i posisjon til å vere med å konkurrere om større jobbar. I tillegg sette kommunen fokus på seg sjølv som innkjøpar, og ba om innspel frå dei frammøtte på dette.  

Arne Abrahamsen, leiar for plan og utvikling i Balestrand kommmune, informerte om kommunale innkjøp, kva lovverk som gjeld og korleis ein jobbar. Presentasjon ligg vedlagt. Understreka viktigheita av å vere posisjonert til å kunne gje pris på jobbar, ny kommune vil gjere endå større innkjøp og truleg også fleire avtalekjøp. Viktig å vere i rett posisjon til det.

Joakim Systaddal utfordra deretter seg sjølv og forsamlinga på mogelegheitene for å få til ei positiv utvikling i bygg og anleggsbransjen. Kommunen har verktøy, støtteordningar og ressursar til å vere med dei bedriftene som ynskjer å gjennomføre utviklingsprosjekt. Spesielt interessert i å vere med å utvikle samarbeidsprosjekt som kan føre til auka kompetanse, meir sysselsetting og sterkare lokale verksemder som tenkjer ut over kommunegrensene. 

Ei positiv samling, der kommune og næringsliv fekk ei nyttig informasjonsutveksling. Presentasjonane kan sendast på e-post, og interesserte aktørar vert oppmoda om å kontakt. Kontaktperson er Joakim Systaddal på joakim.systaddal@balestrand.kommune.no, eller på telefon 45873833.

Tips ein ven Skriv ut