Rolf og Synnøve

To flotte veteranar takkar no av etter mange års teneste i skule og SFO.

Synnøve Balevik (72) har arbeidd som lærar på Sagatun skule sidan 1.8.1990. Før det var ho på Granlia skule frå 1987-1990 og vikarlærar på Sagatun og Nessane i åra 1974 - 1980.
Synnøve har vore kontaktlærar for fleire klassar og i tillegg hatt oppgåver som spes.ped.lærar. Mange er dei flotte pedagogiske opplegga ho har laga og som no skulen kan nytte vidare i den tilpassa opplæringa.

Rolf Haukaas (73) er ein pioner på Skulefritidsordninga der han starta opp då SFO vart innført i august 1991. I tillegg til SFO har Rolf også hatt assistentoppgåver på skulen i mange år.
Gjennom 21 år på sykkelen mellom Dragsvik og Sagatun har han lagt bak seg over 100 000 km på sykkelsetet. På  SFO er det mange ungar som har vorte fasinerte av forteljingar om dyr og fuglar opp gjennom åra.  

Sagatun skule takkar for innsatsen og ynskjer lukke til med "pensjonisttilveret".

Sjå også heimesida til Sagatun skule og "Rolf takkar av etter 21 år på SFO".

Tips ein ven Skriv ut