Tvangssamanslåing av kommunane Balestrand, Leikanger og Sogndal – prosessen sålangt

Regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet og støttepartia Venstre har inngått ein avtale om kommunereform. Regjeringspartia og støttepartiet Venstre har bestemt at kommunane Balestrand, Leikanger og Sogndal blir slått saman med tvang til ein kommune frå 01.01.2020. Dette vil formelt vedtakast i Stortinget i juni 2017.

Dei tre kommunane som blir samanslåtte har utarbeida ein felles prosjektplan som gjeld fram til det er etablert ei fellesnemnd i juni 2017. Planen kan du sjå her.

Som ein del av prosjektplanen har det i kvar kommune blitt valt ei arbeidsgruppe. Balestrand kommune behandla saka i kommunestyremøtet 30. mars, sak 20/17. Her blei formannskapet, ein tillitsvald og rådmann valt som arbeidsgruppe.

Arbeidsgruppa skal ha møte 3. mai og 23. mai.

Det vil og bli halde eit felles informasjonsmøte for kommunestyra, tillitsvalde og administrasjonen i dei tre kommunane på Kvikne hotell 28. april.

Det vil i løpet av sommaren bli oppretta ei felles nettside for alle tre kommunar om samanslåingsprosessen.

Tips ein ven Skriv ut