Ulmebrann på Fjordtun oppvekstsenter - alle har det bra

 

Kl 10.52 vart brannvesent varsla om ein ulmebrann på Fjordtun oppvekstsenter.


Brannvesenet er no på plass og kan rapportere om at alle har det bra. Vaksne og born var fint oppstilte slik som rutinene tilseier.


Førebels tilbakemelding er at det var ein ulmebrann i ei kleskorg i ein garderobe, men at dette er sløkt, og at sitasjonen er under kontroll.

Tips ein ven Skriv ut