Utviklings- og tilflyttingsprosjekt

 

Bakgrunn

Flytt til Sogn – samarbeidsprosjekt mellom Høyanger, Vik og Balestrand

Etter initiativ frå ordføraren i Balestrand vart det i 2014 gjennomført  eit felles prosjekt mellom kommunane Høyanger, Vik og Balestrand. Målsettinga var å bidra til auka tilflytting og busetjing i dei tre kommunane. Fylkeskommunen gav finansieringshjelp til forprosjektet og Interplan vart vald som prosjektleiar.  Prosjektrapporten peika på fleire mogelege samarbeidsområder mellom dei tre kommunane når det gjeld tilflyttingsarbeid. Fylkeskommunen vart søkt om finansiering av  hovudprosjekt , men fann ikkje å kunne prioritere dette.

 

Lokal prosess i Balestrand

Politisk og administrativ forankring

I staden for støtte til vidareføring av «flytt til Sogn» har fylkeskommunen støtta  vidareføring  med ein lokal prosess i Balestrand. Dette kan bli eit «pilotprosjekt» der arbeidsmetodikken kan overførast til andre kommunar. Magne Bjørnerud vart engasjert for å hjelpe til å legge til rette for arbeidet.  Frå april til august 2015 vart det gjennomført ulike møter som involverte både politisk og administrativ leiing i kommunen. Her vart grunnlaget for vidare prosess drøfta og «designa». Følgjande hovedpunkt kan beskrive potensialet og kva som bør vere rettesnor for arbeidet framover.

  • Landhandel av mogelegheiter

  • Dette krev konkretisering, forankring og gjere val

  • Mobilisering og handling over tid.

Ein av hovudkonklusjonane så langt :

Balestrand  skal satse på å utvikle(vidareutvikle) ein profil som bygger på besøksattraktivitet. Lukkast vi godt her, så vil dette bygge opp under og gjere det lettare å få til både næringsattraktivitet og bustadattraktivitet.

 

Utviklingskveldar i november og desember

Det vart invitert 20 personar med bakgrunn i ulike verksemder og organisasjonar til å delta i eit par utviklingskveldar i november og desember 2015. I forståing med politisk leiing, vart ikkje kommunestyrerepresentantar involverte i arbeidet i fjor haust.

I invitasjonsbrevet frå rådmannen heiter det mellom anna:

Vi ynskjer å synleggjere oss og skape grunnlag for at endå fleire vil flytte til kommunen vår. For å få det til, må vi foreine krefter på nye måtar. Dette er et pilotprosjekt som vi drar i gang i nært samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Vi ynskjer å foreine kreftene rundt Balestrand når det gjeld tema innan besøksattraktivitet, bustadattraktivitet og næringsattraktivitet for at fleire skal busetje seg her. Mogelegheitene  må konkretiserast. Vi ynskjer å komme frå ord til handling. For å lukkast, må vi stole på eigne krefter.

 

Deltakarane vart delt inn i tre  grupper med kvar sine hovudtema; besøksattraktivitet, bustadattraktivitet og bedriftsattraktivitet. Gruppene kom med framlegg om hovudprioriteringar og tiltak.

 

Resultat av arbeidet – hovudprioriteringar

Besøksattraktivitet:

  1. Aktivitetskalender

  2. Vinteraktivitetar. Trugelag.

  3. Gjere fjella tilgjengelege for rørslehemma

Bustadattraktivitet:

  1. 20 bustader/tomter tilgjengeleg til eikvar tid.

  2. Frigjere attraktive bustader til fast bustad.

  3. Bygdehus/møteplass

Næringsattraktivitet

  1. «Spin-off» frå eksisterande verksemder

  2. Lett tilgjegeleg samla oversyn over næringsliv

  3. «Næringsbalkong» - fellesmiljø – næringshage(fleire mogelege modellar)

Fleire einskildtiltak heimhøyrande under hovudpunkta var lista opp. Nokre av dei føreslegne tiltaka krev ein del førebuing før dei eventuelt kan igangsetjast. Det kan t.d vere naudsynt med finansiering, avklaring av ressursbruk og/eller politisk godkjenning. Andre er mindre omfattande, nokre tiltak er alt starta opp eller under konkret planlegging  av deltakarar på utviklingskveldane. Eit par døme  på dette er  oppstart av «Trugelag» og digital oppslagstavle i Holmen. 

 

Vidare arbeid

For å lukkast vidare må det skapast ein utviklingsarena med breidt engasjement over tid. Det må vere fokus på ulike store og små utviklingstiltak som vert gjennomførde av  både offentleg og privat sektor samt lag og organisasjonar.  Kommunen sin viktigaste rolle vil vere å koordinere  det vidare arbeidet, dele kunnskap  og å syte for å kople tiltak til kommuneplanen der dette er naudsynt.

Formannskapet vart orientert om arbeidet så langt 4. februar. Vidare organsiering vert tema på formannskapsmøte 17. mars

Prosessen skal vere open.  Har du lyst til å delta eller ønskjer meir informasjon, ta kontakt med  Johannes Sjøtun(9413344).

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut