Utviklings- og tilflyttingsprosjekt

Informasjon om utviklingsprosjektet våren 2017


Bakgrunn

Balestrand kommune starta i 2013 prosjektet «Flytt til Sogn» saman med Vik og Høyanger. Prosjektet var i utgangspunktet tenkt som eit reint tilflyttingsprosjekt og har blitt vidareført på ulike måtar gjennom desse åra. Prosjektet har utvikla seg frå eit avgrensa tilflyttingsfokus til å jobbe med heile bredda av lokale utviklingsprosjekt. Dette er gjort for å styrke attraktiviteten i kommunen. Vi tenkjer då på at det skal være ein attraktiv stad å bu, ein attraktiv kommune å besøkje og at det er attraktivt for næringslivet til å etablere seg i og vidareutvikle verksemder i kommunen. Målet med arbeidet er å stimulere til at små og store prosjekt og tiltak vert gjennomført. Einskildprosjekta og tiltaka skal i sin tur bidra til fleire innbyggarar og til fleire og gode arbeidsplassar.

Kva skjer no?

Balestrand kommune har engasjert ein prosessleiar som skal stimulere små og store tiltak og fungere som ein katalysator og ein inspirasjon for å trekke den einskilde innbyggar inn i utviklingsarbeidet. I  utviklingsarbeidet handlar det om å nytte dei offentlege verkemidla i kommunen på ein god måte for å skape utvikling, men og å få til eit likeverdig samspel med den einskilde innbyggar, organisasjonar og verksemder. På denne måten kan kvar einskild få bidra og nytte eigne ressursar til å skape eit betre lokalsamfunn og meir robuste arbeidsplassar.

For at den einskilde skal kunne følgje med kva som skjer, vil det her bli lagt ut ei samla oversikt over gjeldande prosjekt og status på dei. Statusen vil bli oppdatert med ujamne mellomrom alt etter kva som skjer av nye ting. Vi er og avhengige av at dei som les dette kan bidra med informasjon om ulike prosjekt og tiltak, slik at andre kan sjå kva som faktisk skjer. Ein viktig funksjon med oversikta er å bygge ei felles forståing av alt som skjer og bygge opp under ein «få til kultur» i bygda. Oversikta kan de og nytte for å sjå om det er noko du kan tenkje deg å bli involvert i og bidra til realisering av. Utviklingsarbeidet må ikkje bli konsentrert rundt nokre få, men være ein kultur hjå dei mange.

Den fyrste oversikten over prosjekt og status kjem i starten av mars 2017.

I tillegg til ei felles oversikt vil og einskildprosjekt bli presentert med bilete og omtale.

Tips ein ven Skriv ut