Vasslekasje i Fjærestadfeltet

 

Det er vasslekkasje på ei stikkleidning i Fjærestadfeltet. Denne er så stor at vi måtte stenge av vatnet på denne leidninga no søndag morgon. Det betyr at 7-8 husstandar ikkje har vassforsyning.

Abbonentane som har mista vatn kan ringe teknisk vakt på 911 07 133. Vi kan då hjelpe til med fylling av vatn. Dersom nokon ynskjer det kan dei også avtale dusjing i Belehalli.

Vassleidninga vil bli reparert i morgon mandag 17.06.19.

Vi beklagar ulempene dette fører til for dei som er råka.

Tips ein ven Skriv ut