Velkommen til skaparsamling i Balestrand

Fredag 17. august klokka 19, på Reiselivsmuséet, er det klart for den første i rekka av skaparsamlingar i Balestrand. Arrangør er Balestrand kommune og Balestrand Næringsforum, og målet er å samle innbyggjarar, næringsliv og andre som brenn for å utvikle Balestrand til felles innsats og samvær.

_61A3439.jpg

Skaparsamling er ein møtestad for næringsliv og eldsjeler i Balestrand, der det kvar gang vert sett fokus på eit aktuelt tema, og lagt opp til at folk kan møtast for å tenkje saman. Gjennom dei gode samtalane kan mykje spennande oppstå. Til første samling kjem Susanne Poulsson og presenterer Norsk Reiselivsmuseum og deira tankar om mogelegheitene i Balestrand, før Rasmus Mo i Sogndal Fotball slepp til med sine tankar om samspel og kultur for utvikling.

Samlinga er open for alle, og vil vere den første i rekka av fleire slike samlingar med ulike tema som kan vere aktuelle for å oppnå vekst og positiv utvikling i Balestrand. Spørsmål eller innspel kan rettast til nærings- og samfunnsutviklar Joakim Systaddal i Balestrand kommune på telefon 4587 3833 eller på e-post joakim.systaddal@balestrand.kommune.no

Diskusjon og sosialt samvær etterpå.

Vel møtt!

Tips ein ven Skriv ut