WIS A.S. vann regional finale i DNB-NOR sin innovasjonspris

WIS A.S.

frå Balestrand vann reginoal finale i DNB NOR sin innovasjonspris. Denne finalen omfattar Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland.

Bak selskapet WIS står Jostein Alværn og Bjarne Langeteig med lang erfaring i oljeservicebransjen. Teknologien som har vunne innovasjonsprisen er kalla CIS, og er ein ny og revolusjonerande måte å tette lekkasjar i oljebrønner på. Teknologien er utvikla og testa i tett samarbeid med Kurt Kleive(KMI A.S.) på Nessane. Prisen er på kr 200.000 og bedrifta går no vidare til landsfinalen, der premien er på 1 mill kroner.

 

Tips ein ven Skriv ut